Vekst i Stordal
Aksjon dørbank
Gjennom «aksjon Dørbank» ønskjer vi å kome i kontakt med folk i Stordal for å kartlegge interessa for å bidra til å skape nye arbeidsplassar (verksemder) i kommunen. Kanskje finst det personar i Stordal som går med ein liten gründer i magen, men som treng litt hjelp for å kome i gang med å teste ut ideane sine? Det er svært ønskeleg for Vekst i Stordal (ViS) å kunna kome i kontakt med desse personane.

Vidare bur ein del personar i Stordal som har jobbane sine utanfor kommunen. Dersom tilsvarande/aktuelle arbeidsplassar vart skapt i Stordal, kan det då vere aktuelt å heller gjere seg nytte av slike tilbod? Vi ønskjer gjennom denne undersøkinga å kartleggje kva kompetanse som finst i Stordal som kan vere tilgjengeleg inn mot ny verksemd eller vidareutvikling av eksisterande næringsliv i Stordal.

For å få gjort desse avklaringane, ville vi satt stor pris på om du har høve til å gi tilbakemelding på spørsmåla nedanfor. Dette kan enten gjerast saman med representant frå Vekst i Stordal prosjektet, eller i ro og mak gjennom vår web-løysing.