Leirsjef Runhild Hånes Aksnes
Leirsjef Runhild Hånes Aksnes - Påmelding Dalsfjordleir 2023
Påmelding Dalsfjordleir 2023
Vi inviterar med dette til Dalsfjordleir 26. – 29. juni!

Målgruppe: Fullført 1. klasse til og med 6. klasse. Eldre born kan vere med
som leiarar.
Dalsfjordleir er ein dagsleir som har base på Dalsfjord skule. Her er
kunstgrasbana, skog, fjell og fjord, ein sjølvsagt og flott leikeplass, og
borna vil få lære kjekke songar, dansar og spennande forteljingar om Gud.

Borna leverast om morgonen og hentast på ettermiddagen. Vi kjem til å vere
ute det meste av dagane, så alle må ta med seg uteklede og ekstra skift kvar
dag. Vi skal ha ulike aktivitetar og turar. Her får borna leike seg og ha
det kjekt.

Vi kjem til å ha ei kjernetid kvar dag mellom kl. 09.00 og 15.30 med
program. Vi serverer varm lunsj kvar dag.
De kan levere borna frå kl. 08.00 og hente seinast kl. 16:15. Torsdagen
avsluttar vi leiren med ei gudsteneste for alle som vil vere med.

TEMA: Aldri åleine. Samlingar med andakt, bøn, song og musikk kvar dag!

Deltakaravgift: kr 150,- per person per dag. De kan melde på borna på heile
leiren eller enkeltdagar. Syskenrabatt på 30%. Betaling på Vipps før eller i
løpet av leiren. Ved påmelding etter 15. juni, legg vi på eit eingongsbeløp
på 100,- pga. meirarbeid.

Påmeldingsfrist: torsdag 15.juni

Vi og mange andre kjekke leiarar ønskjer borna hjarteleg velkommen til
spennande opplevingar og gode dagar i Dalsfjorden!
Informasjonsbrev vert sendt ut på e-post til alle påmelde på førehand av
leiren.

Med venleg helsing
Wendi Stråbø og Runhild Hånes Aksnes,
Dalsfjord sokneråd,
Trusopplæringa i Den norske kyrkja, Volda og Vanylven.
Hilde Balsnes Lande, søndagsskulekonslulent.