Påmelding Dalsfjordleir 2026
Vi inviterar med dette til Dalsfjordleir 22. – 25. juni!
Målgruppe: Fullført 1. klasse til og med 6. klasse. Eldre born kan vere med
som leiarar.
Dalsfjordleir er ein dagsleir som har base på Dalsfjord skule. Her er
kunstgrasbana, skog, fjell og fjord, ein sjølvsagt og flott leikeplass, og
borna vil få lære kjekke songar, dansar og spennande forteljingar om Gud.
Borna leverast om morgonen og hentast på ettermiddagen. Vi kjem til å vere
ute det meste av dagane, så alle må ta med seg uteklede og ekstra skift
kvar dag. Vi skal ha ulike aktivitetar og turar. Her får borna leike seg og
ha det kjekt.
Vi kjem til å ha ei kjernetid kvar dag mellom kl. 09.00 og 15.30 med
program. Vi serverer varm lunsj kvar dag.
De kan levere borna frå kl. 08.00 og hente seinast kl. 16:15. Torsdagen
avsluttar vi leiren med ei gudsteneste/avslutningsmøte for alle som vil
vere med.
Samlingar med andakt, bøn, song og musikk kvar dag!
Deltakaravgift: kr 150,- per person per dag. De kan melde på borna på heile
leiren eller enkeltdagar. Syskenrabatt på 30%. Betaling på Vipps før eller
i løpet av leiren. Ved påmelding etter 9. juni, legg vi på eit
eingongsbeløp på 100,- pga. meirarbeid.
Påmeldingsfrist: tysdag 9.juni
Vi og mange andre kjekke leiarar ønskjer borna hjarteleg velkommen til
spennande opplevingar og gode dagar i Dalsfjorden!
Informasjonsbrev vert sendt ut på e-post til alle påmelde på førehand av
leiren. De vil også få eit nytt spørreskjema der vi igjen spør om antal
dagar og kva aktivitetar barnet ditt vil vere med på.
Med venleg helsing
Runhild Hånes Aksnes, Dalsfjord sokneråd,
Trusopplæringa i Den norske kyrkja i Volda.