Ditt personvern som brukar av Questalyze er svært viktig for oss. Persondata som vi registrerer om våre brukarar vert behandla etter gjeldande personvernreglement (General Data Protection Regulation, GDPR). Det er dagleg leiar i Aksnes AS som er øvste ansvarleg for at det til ei kvar tid gjeldande personvernreglementet vert følgt.
Føremålet med innsamling og behandling av personopplysningane er å kunne administrere og gje tilgang til abonnementstenesta Questalyze. Personopplysningane vert også nytta ved utsending av nyheitsbrev og informasjon om produktet og tenestene.
Personopplysningar som vert samla inn er opplysningar for å identifisere den enkelte brukar av Questalyze. Ved teikning av Questalyze-abonnement ber vi om fullt namn, telefonnummer og e-post. I tillegg kan vi behandle opplysningar om vedkomande si bedrift, men dette vert ikkje definert som personopplysningar.
Det er ikkje mogleg å levere tenesta Questalyze utan at vi ber om nokre enkle personopplysningar. Når abonnement på Questalyze vert teikna, vert personopplysningane registrerte og aksepterte frå det tidspunktet abonnementet vert oppretta.
Questalyze samlar ikkje inn personopplysningar automatisk og brukar heller ikkje Cookies til dette føremålet, verken direkte eller indirekte via tredjepart tenester.
All datatrafikk til og frå Questalyze er kryptert. I tillegg er alle personopplysningar og selskapsdata passordbeskytta.
Innsamla personopplysningar vert utelukkande brukt til dei nemnde formåla. Personopplysningar vert difor ikkje utlevert til tredjepartar, og våre tilsette er kjent med gjeldande personvernreglement og følgjer desse.
Du kan når som helst sjå informasjon som er lagra om deg ved å bruke innebygd funksjonalitet i Questalyze. Noko av denne informasjonen kan du også sjølv endre. For å endre informasjon som styrer tilgang/aksess til Questalyze, må du ta kontakt pr telefon/epost eller bruke kontaktskjemaet.
Du kan slette abonnementet (brukarkonto med tilhøyrande persondata, selskapsdata og spørjeundersøkingar) via innebygd funksjonalitet i Questalyze og ved å kontakte oss.
Akseptar som du har gjeve for mottak av informasjon pr epost/SMS kan du når som helst trekke tilbake ved å ta kontakt.
Du kan når som helst ta kontakt med oss vedrørande personvernspørsmål via kontaktskjemaet på heimesida vår, eller direkte til vår behandlingsansvarlege på mobil 91221133.